Informasjonsinnhenting er berebjelken i politiets arbeid, både i førebyggjande verksemd og ved etterforsking. Det gjeld også for PST. Politiet kan nytte mange forskjellige framgangsmåtar – metodar – for å innhente informasjon i sakene vi arbeider med. Visse politimetodar er likevel eit så stort inngrep overfor personen dei blir retta mot, at Stortinget har sett opp særskilte vilkår for å bruke dei. I juridisk terminologi blir slike særleg inngripande metodar kalla "tvangsmiddel".
Ulovfesta metodar
Den alminnelege handlefridommen gjer det også mogleg for politiet å innhente informasjon. Politiet har høve til å observere det som skjer i det offentlege rommet. Politiets spaningsarbeid er systematisk utnytting av denne handlefridommen. Vi kan dermed observere kva mistenkjelege personar gjer i det offentlege rommet.
Sjølv om bruken av desse metodane ikkje er regulert i lover og forskrifter, er det nødvendig for rettstryggleiken at metodane ikkje blir brukte vilkårleg. Stortinget har i fleire føresegner lagt vekt på at all polititeneste skal utførast formålsstyrt og forsvarleg. I § 6 i politilova blir det blant anna framheva at dei midla som politiet nyttar, må vere nødvendige og stå i forhold til alvoret i situasjonen, formålet med tenestehandlinga og omstenda elles.
PST kan bruke dei ulovfesta metodane både i etterforskingssaker og i førebyggjande verksemd.
Lovregulerte metodar: tvangsmiddel
"Tvangsmiddel" er fellesnemninga på ein del tiltak som styresmaktene kan nytte, men som er så inngripande overfor dei personane tiltaka blir nytta overfor, at Stortinget har sett strenge vilkår for å ta dei i bruk. Pågriping og fengsling er nokon av dei mest inngripande tvangsmidla politiet kan nytte.
Dei tvangsmidla som er tillatne i Noreg, er det gjort greie for i straffeprosesslova fjerde del (kapittel 13a–17b). Den første føresegna om tvangsmiddel er § 170a, som slår fast at politiet berre kan bruke tvangsmiddel når det er tilstrekkeleg grunn til det, og ikkje når det etter sakstypen og forholda elles ville vere eit uforholdsmessig inngrep.
Tvangsmiddel kan PST nytte både i førebyggjande verksemd og i etterforsking, såframt vilkåra i lova er oppfylte i kvart einskilt tilfelle. Bruk av tvangsmiddel ved førebyggjande tiltak er heimla i § 17d i politilova.
Stortinget vedtok 17. juni 2005, med eit breitt fleirtal, heimel til å bruke tvangsmiddel i avverjande etterforsking og førebyggjande tiltak. I tillegg vedtok Stortinget å opne for å bruke eit par nye metodar, blant anna romavlytting. Lovendringa tok til å gjelde 5. august 2005.
Bruk av tvangsmiddel for å avverje alvorleg kriminalitet
Straffeprosesslova § 222d fastset at dersom politiet som ledd i etterforsking finn rimeleg grunn til å tru at nærmare bestemte alvorlege lovbrot er i emning, kan retten gi politiet løyve til å bruke visse tvangsmiddel for å avverje lovbrotet. Innanfor PSTs ansvarsområde kan tenesta i det vesentlege nytte tvangsmiddel til avverjande formål.
Retten kan gi løyve til å bruke tvangsmiddel for å avverje brotsverk berre dersom politiet ikkje ville kunne oppnå like gode resultat på annan måte.
Eit løyve til å bruke tvangsmiddel til avverjande formål kan opne for ransaking, skjult fjernsynsovervaking, teknisk sporing, beslag, utleveringspålegg, kommunikasjonskontroll, romavlytting og identifisering av kommunikasjonsanlegg.
Bruk av tvangsmiddel for å førebyggje terrorhandlingar, spionasje og truslar mot statsleiinga
Politilova § 17d gir PST høve til å bruke tvangsmidla ved førebyggjande tiltak mot dei mest alvorlege handlingane innanfor ansvarsområdet vårt dersom det er grunn til å undersøkje om nokon førebur ei slik handling. Dette er – etter føringar frå Stortinget – eit reservespor i tilfelle ei etterforsking ikkje er naturleg fordi ein ikkje kan seie at ei handling er i emning.