Tilsette i politietaten er underlagde ei rekkje føresegner om teieplikt. Handsaming av informasjon som er gradert av omsyn til den nasjonale tryggleiken, utløyser også teieplikt. Sidan PST har større behov for å handsame graderte opplysningar enn andre delar av politiet, vil PST-medarbeidarar i mange tilfelle ha teieplikt som også er grunngitt i omsynet til den nasjonale tryggleiken.
Teieplikta varer livet ut
Unntaksvis kan det i spesielle tilfelle avgjerast at ein person skal løysast frå teieplikta. Elles gjeld all teieplikt i utgangspunktet livet ut. Teieplikta gjeld altså også etter at vedkommande har avslutta arbeidet, oppdraget eller vervet.
Omsyna bak teieplikta
Teieplikta for politi og påtalemakt skal dels verne personar eller grupper av personar som blir påverka av arbeidet vårt, slik at ikkje uvedkommande får kjennskap til sensitive opplysningar om dei.
Tryggleiksgradering medfører teieplikt
PST handsamar i stor grad informasjon som på grunn av innhaldet er blitt gradert med heimel i sikkerhetsloven med forskrifter.
Tryggleiksgradering inneber utanom sjølve teieplikta at vi pliktar å verne informasjonen på spesielle måtar, for eksempel ved å oppbevare graderte dokumenter i tryggleiksskap med kodelås. Denne plikta følgjer av sikkerhetsloven med forskrifter, som fastset at alle som får tilgang til tryggleiksgradert informasjon som ledd i arbeid, oppdrag eller verv for ei verksemd, pliktar å hindre at uvedkommande får kjennskap til informasjonen.
Graderingsnivåa etter sikkerhetsloven med forskrifter er STRENGT HEMMELIG, HEMMELIG, KONFIDENSIELT og BEGRENSET.
Beskyttelsesinstruksen inneber også teieplikt
Teieplikta i den offentlege forvaltninga er innskjerpa av beskyttelsesinstruksen, som gjeld opplysningar som treng vern av andre grunnar enn dei som er nemnde i sikkerhetsloven med forskrifter. På same måte som når det blir gradert etter sikkerhetsloven, inneber gradering ei forsterking av den generelle teieplikta.
Når vilkåra for gradering etter beskyttelsesinstruksen er til stades, skal opplysningar graderast slik: STRENGT FORTROLIG skal nyttast dersom det vil kunne føre til alvorleg skade for offentlege interesser, ei bedrift, ein institusjon eller ein person om innhaldet i dokumentet blir kjent for uvedkommande. FORTROLIG skal nyttast dersom det vil kunne skade offentlege interesser, ei bedrift, ein institusjon eller ein person om innhaldet i dokumentet blir kjent for uvedkommande.