Fritekstsøk:

 

Etterforsking

Stortinget har i politilova pålagt PST å etterforske visse typar lovbrot. Etterforskingsarbeidet vårt har utgangspunkt i dei same lovføresegnene som gjeld for andre etterforskingseiningar i politiet.
Heimelsgrunnlag
Straffeprosesslova § 225 er politiets heimel for å drive etterforsking. Desse rammene er presiserte i politiinstruksen og påtaleinstruksen.

 
Plikt til å forfølgje straffbare forhold
Straffeprosesslova § 224 fastset at det skal setjast i verk etterforsking når det som følgje av ei politimelding eller andre omstende er rimeleg grunn til å undersøkje om det ligg føre eit straffbart forhold. Det inneber at når PST har grunn til å tru at det er gjort ei straffbar handling innanfor vårt ansvarsområde, har vi plikt til å gjere nærmare undersøkingar.

 
Ordinær etterforsking
Straffeprosesslova § 226 fastset kva som skal vere siktemålet med all etterforsking. Etterforskinga skal ha som formål å skaffe fram nødvendige opplysningar for
 
    
a) å avgjere spørsmålet om tiltale 
b) å tene som underlag for rettens behandling av spørsmålet om straffeskuld og eventuelt fastsetjing av reaksjon 
c) å avverje eller stanse straffbare handlingar 
d) å fullbyrde straff og andre reaksjonar 
e) å tene som underlag for barnevernstenesta ved vurderingar av om det skal setjast i verk tiltak etter lov 17. juli 1992 nr. 100 om barnevernstenester
 
 
Avverjande etterforsking
Til liks med andre delar av politiet har vi høve til å setje i verk etterforsking med sikte på å få lovbrytarar tiltalte, domfelte og straffa, men innanfor PSTs spesielle ansvarsområde vil dei samfunnsmessige skadane av eit fullført brotsverk kunne bli så store at samfunnet forventar at vi prioriterer å hindre at lovbrota skjer.
 
For PST er derfor straffeprosesslova § 222d, 2. ledd særleg viktig. Lovgivaren har med denne føresegna gjort det mogleg for PST å bruke etterforskingsmetodar for å avverje og stanse alvorlege angrep mot statens sjølvstende og tryggleik ved å setje i verk såkalla avverjande etterforsking. Dette opnar for at vi kan setje i verk meir inngripande tiltak enn vi normalt har lov til i den førebyggjande verksemda. Det er med andre ord eit juridisk skilje mellom å førebyggje og å avverje lovbrot.
 
Dersom vi har heimel for å innleie etterforsking, vil vi også kunne få rettsleg løyve til å ta i bruk særskilte etterforskingsmetodar som i juridisk terminologi blir kalla straffeprosessuelle tvangsmiddel. Tvangsmiddel er ei fellesnemning på ein del verkemiddel som på visse vilkår kan nyttast av bestemte offentlege styresmakter, men ikkje av andre.
 
Det er kapittel 17 i straffeprosesslova som set rammene for bruk av tvangsmiddel for å avverje alvorleg kriminalitet. Tvangsmidla som retten kan tillate politiet å nytte med heimel i kapittel 17, er ransaking, skjult fjernsynsovervaking, teknisk sporing, beslag og utleveringspålegg, avlytting og annan kontroll av kommunikasjonsanlegg (kommunikasjonskontroll), identifisering av kommunikasjonsanlegg, og anna avlytting av samtalar ved tekniske middel (romavlytting). Lovgivaren har i § 222d, 2. ledd spesifisert kva for lovbrot det må vere mistanke om for at PST skal kunne få løyve til å nytte dei nemnde tvangsmidla for å avverje alvorleg kriminalitet. Grunnvilkåret er at retten skal finne grunn til å tru at nokon kjem til å gjere eit lovbrot som er spesifisert i § 222d.
 
Etterforsking skal få fram alle sider av ei sak
Politi og påtalemakt har plikt til å få fram alle relevante opplysningar i ei sak. I straffeprosesslova § 226 seier lovgivaren uttrykkjeleg at om ein bestemt person er mistenkt, skal etterforskinga søkje å klarleggje både det som taler mot han, og det som taler til fordel for han. Vår oppgåve er med andre ord å arbeide objektivt for å finne fram til sanninga. Vi skal ikkje trekkje nokon konklusjonar i ei etterforskingssak før vi har eit solid bevismateriale. Politietterforskinga vil vere vellykka også dersom vi kan konkludere at det ikkje ligg føre noko straffbart forhold; formålet med etterforskinga er oppnådd ved at undersøkingane har leidd til ei avklaring.
 
Skiljet mellom open og skjult etterforsking
Når PST har sett i verk avverjande etterforsking mot nokon, skal dette normalt ikkje gjerast kjent for den mistenkte eller for allmenta. Vår etterforsking skal først og fremst vere såkalla skjult etterforsking, i motsetning til open etterforsking, som andre delar av politiet driv.
 
Stortinget bestemmer i politilova § 17b nr. 5 at open etterforsking i saker som gjeld sabotasje, politisk motivert vald, terrorhandlingar og finansiering av terrorisme, som hovudregel skal drivast av andre delar av politiet, om ikkje den overordna påtalemakta bestemmer noko anna. Vår rolle i open etterforsking i terrorsaker vil derfor først og fremst vere å hjelpe lokalt politi, Kripos eller Økokrim, dersom statsadvokaten ikkje har bestemt at PST likevel burde ha saka.
 
I andre saker – som spionasje, brot på tryggingslova, angrep mot statsforfatninga, vald og trugsler mot statsleiinga og spreiing av masseøydeleggingsvåpen – har PST ansvaret for både skjult og open etterforsking.






TIPS OSS

Tips oss dersom du ser eller vet om noe som du tror kan være viktig for oss å vite om

Telefon 23 30 50 00
Den sentrale enhet

PST0910
 
 

Send e-post
Kontakt PST lokalt:
Politiets sikkerhetstjeneste
Postboks 4773 Nydalen
0421 Oslo
Sentralbord 23 30 50 00       
Fax 23 30 51 20