Det følgjer av § 17b i politilova at førebygging av lovbrot skal stå sentralt i PSTs arbeid. Ettersom den kriminaliteten PST skal førebyggje og etterforske kan få så alvorlege konsekvensar for samfunnet, legg vi særleg stor vekt på å drive førebyggjande arbeid. Slik verksemd utgjer hovuddelen av arbeidet vårt.
Kvifor førebyggje?
Dei handlingane som PST er sett til å førebyggje, er av ein så alvorleg karakter at det vil vere underordna å etterforske seg fram til kven som står bak, etter at handlinga har skjedd. Handlinga må først og fremst førebyggjast. Innanfor vårt ansvarsområde speler straff ei avgrensa preventiv rolle. Terroristar avstår i lita grad frå terrorhandlingar fordi det straffbart. Mange er til og med villige til å ofre sitt eige liv i handlinga.
Heimelsgrunnlag
Politiets grunnleggjande plikt til å førebyggje lovbrot er nedfelt i politilova § 2 nr. 2 og politiinstruksen § 3-1, 3. ledd. Det er politilova § 17d som set rammene for bruk av tvangsmiddel til førebyggjande formål.
PST-instruksen § 5 gir nærmare rammer for PSTs førebyggjande verksemd:
| | "Politiets sikkerhetstjeneste skal utføre sine forebyggende oppgaver etter politiloven § 17b og § 17c ved blant annet å innhente, bearbeide, analysere og utveksle informasjon i samsvar med fastsatte prioriteringer. Sjef for Politiets sikkerhetstjeneste gir retningslinjer for bruk av ulovfestede metoder i forebyggende øyemed. Tjenesten skal også i samarbeid med øvrig politi forebygge trusler mot myndighetspersoner som nevnt i politiloven § 17d første ledd bokstav c.
Begjæring om bruk av metoder som nevnt i politiloven § 17d, kan bare fremsettes av sjef eller assisterende sjef for Politiets sikkerhetstjeneste." |