Den verksemda som Politiets tryggingsteneste (PST) driv, omfattar både operativt politiarbeid (førebygging og etterforsking av lovbrot, i tillegg til livvaktteneste) og rådgiving overfor overordna og sideordna norske styresmakter.
Det er Stortinget, Justisdepartementet og den overordna påtalemakta (Riksadvokaten og statsadvokatembeta) som set rammene for korleis vi skal utføre politioppgåvene våre.
Rammene finn vi i oppgåvespesifikasjonen vår (det vil seie dei lovene og forskriftene som definerer PSTs virkeområde og kva handlingar som er straffbare), i dei straffeprosessuelle reglane for korleis politiet skal arbeide, og i det generelle lovverket som regulerer verksemda til styresmaktene – for eksempel personvernlova og sikkerhetsloven. Forvaltningslova og offentlegheitslova er også sentrale lover for verksemd som styresmaktene driv, og dei gjeld for PSTs verksemd i saker som ikkje skal handsamast etter straffeprosesslova eller er omfatta av lovpålagd teieplikt.