Stortingets kontrollutval for Etterretnings-, Overvakings- og Tryggingstenesta (EOS-utvalet) fører jamleg kontroll med PST, Nasjonal tryggingsmakt (NSM) og Etterretningstenesta (som tidlegare heitte Forsvarets etterretningsteneste).
Heimelsgrunnlaget for EOS-utvalet
Retningslinjene for EOS-utvalets virke er fastsette i lov av 3. februar 1995 om kontroll med Etterretnings-, Overvakings- og Tryggingstenesta (EOS-lova). Stortinget har gitt utfyllande føresegner til EOS-lova i instruks av 30. mai 1995 om kontroll med Etterretnings-, Overvakings- og Tryggingstenesta (EOS).
Viktig kontroll
EOS-utvalet og utvalssekretariat inspiserer jamleg PST – både DSE og PSTs lokale einingar i politidistrikta. Utvalet har tilgang til PSTs dokument og datasystem. Personar som meiner seg ulovleg overvakte, kan klage til utvalet. EOS-utvalet sender årsmeldinga si til Stortinget, og den blir handsama av kontroll- og konstitusjonskomiteen. EOS-utvalet har ein svært viktig funksjon for å kontrollere at PST ikkje gjer seg skuldig i urett overfor einskildpersonar, og at tenesta handlar i samsvar med lov, instruks og direktiv.
EOS-utvalet på Internett
EOS-utvalet har eigne internettsider der utvalet sjølv gjer greie for verksemda si. Under overskrifta "Hva er EOS-utvalet?" står det blant anna:
| | "Kontrollordningen er uavhengig av EOS-tjenestene og forvaltningen for øvrig. Utvalgets medlemmer velges av Stortinget, og utvalget rapporterer til Stortinget – i form av årsmeldinger og særskilte meldinger. Ordningen ble etablert i 1996. Den løpende kontrollen utføres ved regelmessige inspeksjoner av EOS-tjenestene, både sentralt og på de enkelte tjenestesteder. Utvalget behandler også klager fra enkeltpersoner og organisasjoner som mener EOS-tjenestene har begått urett mot dem." |