Fritekstsøk:

 

Domstolane

Ein del metodar (tvangsmiddel) må politiet ha rettsleg løyve til å bruke. Om vi ønskjer å ta i bruk ein slik metode, må vi fremme eit krav om dette for ein domstol. Det inneber at vi må grunngi overfor ein dommar kvifor vi meiner det er nødvendig og forholdsmessig å nytte visse lovbestemte politimetodar for å innhente informasjon i denne saka. I desse sakene blir dermed arbeidet vårt kontrollert av ein dommar før det er sluttført.

Visse politimetodar er så inngripande overfor den som blir utsett for metodane, at Stortinget har bestemt at politiet må ha rettsleg løyve for å bruke dei. Formålet med desse særskilte metodane er at politiet skal kunne innhente vesentleg informasjon som vanskeleg kan skaffast fram på andre måtar.
 
Eit eksempel på ein metode som ikkje kan nyttast utan rettsleg løyve, er kommunikasjonskontroll, for eksempel i form av telefonavlytting.
 
Politiet må grunngi kravet sitt
Når politiet fremmar eit krav om løyve til å bruke ein særskilt metode, må vi grunngi for dommaren kvifor vi meiner det er nødvendig å nytte denne metoden for å komme vidare i saka vi arbeider med. Dommaren vurderer om behovet vårt er så stort at vi skal få løyve til å ta i bruk metoden vi har bedt om. Den avgjerda dommaren tek i slike spørsmål, blir kalla ein orskurd, ikkje ein dom.
 
Ein særskilt oppnemnd advokat prøver saka
Før saka kjem til dommaren, blir kravet og dokumenta oversende til ein særskilt oppnemnd advokat (jf. straffeprosesslova § 100a). Advokaten skal sikre interessene til den personen politiet krev å få bruke særskilte metodar overfor, men utan å ha kontakt med vedkommande. Når dommaren vurderer saka, vil såleis både PSTs og advokatens syn vere viktige grunnlag for avgjerda. Får PST medhald i kravet overfor tingretten, kan advokaten påkjære avgjerda til ein høgare domstol.
 
Retten set strenge vilkår
Dersom domstolen tillèt bruk av særskilte politimetodar, må dommaren i samsvar med straffeprosesslova setje ei avgrensing på løyvet. Denne avgrensinga kan vere ein tidsfrist eller ei grense for kor mange gonger metoden kan brukast. Etter det må politiet eventuelt fremme eit nytt krav.
Ved eit fornya krav om  bruk av tvangsmidlet (forlenging) vil dommaren blant anna vurdere om politiet har nytta den aktuelle metoden til å komme nærmare ei oppklaring av saka det dreier seg om.
 
Ressursbehovet blir vurdert i forhold til nytteverdien
For politiet er særskilte politimetodar svært ressurskrevjande. Først er det nødvendig med eit grundig forarbeid før vi kan fremme eit krav for retten. Dersom vi får løyve til å bruke den ønskte metoden, vil det krevje store ressursar å gjennomføre tiltaket. I praksis vil vi derfor alltid vurdere nøye om det er forsvarleg å bruke så store ressursar i ei sak.







TIPS OSS

Tips oss dersom du ser eller vet om noe som du tror kan være viktig for oss å vite om

Telefon 23 30 50 00
Den sentrale enhet

PST0910
 
 

Send e-post
Kontakt PST lokalt:
Politiets sikkerhetstjeneste
Postboks 4773 Nydalen
0421 Oslo
Sentralbord 23 30 50 00       
Fax 23 30 51 20