Fritekstsøk:

 

Innsyn i arbeidet

Som hovudregel vil offentlegheita ikkje kunne få innsyn i PSTs arbeid. Det inneber at opplysningane som inngår i sakshandsaminga vår, ikkje blir gjorde tilgjengelege for offentlegheita, og detaljar om korleis vi utfører det operative arbeidet vårt, blir heller ikkje offentleggjorde.
Slik er det med det meste av politiets verksemd, både i Noreg og i andre land: både PST og andre politieiningar treng reglar og rutinar som hindrar at sensitive opplysningar kjem på avvegar.
 
Teieplikta vår set grenser for kor mykje innsyn andre kan få. Når utanforståande ber politiet om informasjon, vil teieplikta ofte vere til hinder for at vi kan gi opplysningar eller kommentarar.
 
Politiets teieplikt har to formål. For det første vil politiets framtidige arbeid blir vanskelegare dersom potensielle eller reelle gjerningsmenn har for godt kjennskap til kva metodar vi bruker, og kor mykje informasjon vi har tilgang til.
 
For det andre kan føretak og personar som er sårbare for informasjon som politiet sit på, bli skadelidande dersom denne informasjonen blir kjend for uvedkommande.
 
PST handsamar hemmelegstempla opplysningar i mykje større grad enn andre delar av politiet. Når vi må avslå ein innsynsførespurnad fordi vi har teieplikt, er derfor teieplikta ofte forankra i føresegnene om graderte opplysningar i tryggingslova.
 
Kontrollinstansar treng innsyn for å utøve reell kontroll
Ei rekkje instansar har som oppgåve å kontrollere den verksemda PST driv. Dette inneber at dei også må ha innsyn i arbeidet vårt. Innsynsretten følgjer av det mandatet kontrollinstansane har, og dei avgjer sjølv kva forhold dei skal undersøkje særskilt innanfor sine respektive mandatområde.
 
Utanforståande som ønskjer innsyn
PST mottek ofte førespurnader som i realiteten er spørsmål om innsyn i arbeidet vårt. Advokatar søkjer om innsyn for å ivareta interessene til ein klient. Journalistar vil vete om saker som blir omtalte i media, er til handsaming hos oss, eller kva vi veit eller meiner om ulike forhold. Forskarar og historikarar ønskjer å lese historisk materiale frå arkiva våre i samband med forskingsprogram eller bokprosjekt. Skuleelevar og studentar ber om hjelp til å skrive prosjektoppgåver eller større oppgåver.
 
PST kan berre realitetshandsame skriftlege førespurnader om innsyn
Ikkje alle som tek kontakt med PST for å få opplysningar, er klar over at førespurnaden deira i realiteten er å sjå på som eit krav om innsyn i arbeidet vårt. God forvaltningsskikk tilseier at slike førespurnader må handsamast med full notoritet, slik at det i ettertid er mogleg å finne ut korleis kravet er blitt sakshandsama, kva for vedtak som er gjort, og kva som ligg til grunn for vedtaket. Dette inneber at alle krav om innsyn i PSTs saker må setjast fram skriftleg.
 
Innsyn utløyser teieplikt
Dei som får innsyn i PSTs graderte materiale, får dermed også plikt til å teie om det dei får innsyn i. Dette gjeld både for kontrollinstansane og for utanforståande som får godkjent innsyn etter å ha fremma skriftleg innsynskrav.
 
Innsynskrav kan gjelde notid eller fortid
Førespurnader om innsyn i PST-saker kan ha svært ulike formål. Somme ønskjer informasjon om dagsaktuelle forhold, andre vil ha tilgang til historisk materiale i arkiva våre.
 
Personar som ønskjer å vete kva PST har registrert av opplysningar om dei, utgjer ei eiga gruppe. Stortinget har innført ei eiga innsynsordning for personar som ønskjer å vete om dei er blitt registrerte hos Politiets overvakingsteneste i åra 1945–1996. Innsynskrav av den sistnemnde typen blir ikkje handsama av PST, men av eit sjølvstendig organ som blir kalla Innsynsutvalet.






TIPS OSS

Tips oss dersom du ser eller vet om noe som du tror kan være viktig for oss å vite om

Telefon 23 30 50 00
Den sentrale enhet

PST0910
 
 

Send e-post
Kontakt PST lokalt:
Politiets sikkerhetstjeneste
Postboks 4773 Nydalen
0421 Oslo
Sentralbord 23 30 50 00       
Fax 23 30 51 20