All verksemd som blir utført av PST, skal vere i samsvar med lov, forskrift eller underordna regelverk.
Politilova og PST-instruksen
Sentrale føresegner for PST, utanom den alminnelege straffelova og straffeprosesslova, er kapittel IIIA i politilova, som fastset PSTs organisering og oppgåver, og den instruksen for PST som blei fastsett ved kongeleg resolusjon den 19. august 2005 (PST-instruksen). PST-instruksen er heimla i politilova § 29, som gjeld instruksjonsmynde m.m. og som utdjupar føresegnene i politilova om PSTs organisasjon og oppgåver.
Andre lover og forskrifter
Utanom straffelova, straffeprosesslova, politilova og PST-instruksen finst det ei rekkje føresegner som regulerer dels korleis vi skal drive verksemda vår, dels kva handlingar som er lovbrot som vår teneste skal førebyggje og etterforske.
For oss som er ein del av den norske politietaten, er påtaleinstruksen ei særleg sentral forskrift. Påtaleinstruksen er ei utdjuping av ei rekkje reglar i straffeprosesslova om korleis politiet og andre delar av påtalemakta skal gjere oppgåvene sine.
Vi har eit breitt ansvar for å drive førebyggjande tryggingsarbeid, det vil seie å førebyggje truslar mot rikets sjølvstende og tryggleik og andre vitale nasjonale tryggleiksinteresser. Sikkerhetsloven med forskrifter er derfor ein sentral heimel for PST.