All verksemd som blir utført av PST, skal vere i samsvar med lov, forskrift og andre vedtak som dei overordna styresmaktene våre har gjort. Ei rekkje overordna instansar fører kontroll med dei ulike delane av verksemda vår. I tillegg driv vi kontinuerleg eigenkontroll for å sikre at arbeidet vårt heile tida er i samsvar med gjeldande reglar.
Verksemda vår er følgjeleg underlagd ulike typar rammevilkår. Det gjeldande regelverket trekkjer opp rammer for kva saker vi skal arbeide med, og kva tiltak vi kan treffe i dette arbeidet. Dei eksterne og interne kontrollinstansane passar på at vi held oss innanfor desse rammene.
Dei overordna styresmaktene våre avgjer kva for nokon av oppgåvene våre som skal ha høgast prioritet, og desse prioriteringane er også avspegla i dei løyvingane vi får over statsbudsjettet. Dei fastsette prioriteringane og tildelte budsjettmidlane blir også rammer for den verksemda som PST til kvar tid utfører.